Regjeringa vil løyve 150 millionar kroner ekstra til innføringa av klimavennlege ferjer, ifølgje .
Lekkasjen frå revidert statsbudsjett kom frå samferdsleminister Knut Arild Hareide før helga.
– Det er nå mange fylke som satsar klimavenleg med nullutsleppsferjer. Då får dei ein høg ekstrakostnad, og staten ønsker å stilla opp, sa Hareide til NRK.
Det har vore eit krav frå ferjefylka langs kysten at staten i større grad dekker utgiftene til overgangen til fossilfrie og lågutsleppsferjer. Dei 150 millionane regjeringa løyver for å stagge ferjeopprører, er likevel langt mindre enn fylkeskommunane har bedt om.
«Altfor lite», er reaksjonen frå fylkesordførar Jon Askeland i Vestland, som peiker på at det samla beløpet er under halvparten av det han meiner Vestland fylke treng åleine. Han meiner konsekvensen blir dyrare billettar eller redusert drift.

Publisert: 11.05.2020 13:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27