Kort fortalt

Magrare for Kokk'n Roll

Svekka inntekt og lønnsemd.

Marius Rosbach
17.07.2023

Hareid-selskapet Kokk'n Roll satsar på catering og levering av selskapsmat og kvardagsmat. Omsetninga i fjor enda på 3,2 millionar – ein nedgang på kring 0,7 million samanlikna med 2021.

Lønnsemda vart også svekka i løpet av fjoråret, men rekneskapen enda så vidt i pluss (sjå tabell under).

Kokk'n Roll vart opphaveleg starta i 2005, men etter ein konkurs i 2016 vart det i 2018 restart i den tidlegare terminalkiosken til Fjord1 på Hareid.

Nysatsinga har klart seg gjennom pandemi og andre utfordringar i åra etterpå.

Selskapet har ein eigenkapital på 0,6 millionar kroner og knapt langsiktig gjeld.

Kokken Roll
Årsresultat (i mill kr)20222021
Driftsinntekter3,23,9
Driftsresultat0,020,2
Resultat før skatt0,020,2

Publisert: 17.07.2023 11:13

Sist oppdatert: 17.07.2023 11:13

Mer om