Kort fortalt

Mange bedrifter er blitt meir digitale

Korona fører til endringar.

11.08.2020
(NPK): Så mange som åtte av ti bedrifter har gjennomført digitaliseringstiltak som følgje av covid-19.
Det går fram av ei gransking Norstat har gjort på vegner av IT-selskapet Computas. Granskinga fortel at over halvparten av offentlege og private bedrifter nytta den moglegheita som covid-19 gav.
– Eg vil rose alle dei offentlege og private bedriftene som i ein svært pressa situasjon klarte å gripe moglegheitene til å fokusere på å rulle ut allereie planlagte digitaliseringstiltak, og å planleggje nye, seier Fredrik Syversen som er konstituert administrerande direktør i IKT-Norge, interesseorganisasjonen for digitale næringar, i ei pressemelding.
Syversen minner oss samtidig på at alle innbyggjarar må få likeverdige og gode digitale tilbod.
– Framover blir det viktig at vi rettar merksemda særleg mot dei kommunane som ikkje har hatt ressursar til å ta slike grep, seier han.
(©NPK)

Publisert: 11.08.2020 11:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25