Seminar 1904 kunstig intelligens foto marius 22
FULLT HUS: Det var stor interesse da Næringsforeningen Ålesundregionen på starten av året inviterte til seminar om kunstig intelligens i Ålesund. Arkivfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Mange brukar KI til skule, studiar og jobb

Krevst trening for å bli god på bruk av kunstig intelligens.

NPK
26.03.2024

(NPK): Seks av ti unge vaksne har brukt kunstig intelligens (KI) til skule- eller studieføremål det siste halve året, ifylgje NRK.

Om lag ein av tre har brukt KI i skule-, jobb- eller studiesamanheng det siste året. Det viser ei undersøking av Norstat gjennomført på vegner av NRK. To av tre svarar at dei ikkje har brukt noka form for KI, mens 4 prosent svarar at dei ikkje veit. 1000 personar har vore med i undersøkinga.

Kanalen skriv at det blant dei som er i alderen 18 til 29 år er det seks av ti som har brukt ChatGPT til skule, studiar eller jobb.

– Nokre studentar brukar KI til å laga quiz-spørsmål, tankekart, og illustrasjonar, eller til å føreslå gode kjelder. Andre brukar berre verktøya som ein samtalepartnar, seier fyrsteamanuensis i universitetspedagogikk Robert Isaksen ved Universitetet i Tromsø (UiT).

Han seier òg at trening krevst for å bli god på å bruka verktøya. Mellom anna må ein læra seg å stilla gode spørsmål for å få svar som ikkje er upresise eller generelle.

Men tekstar som er skrivne av KI kan også vera lette å avsløra for fagfolk.

– Me som har undervist ei stund ser at desse tekstane blir veldig glatte og overflatiske. Dei blir rett og slett mindre interessante, seier professor i pedagogikk Mariann Solberg ved UiT.

Ho meiner grensene for kva som er god etisk bruk av KI i studiane bør settast i lag med studentane.

– Og det er jo nettopp det me treng, at dei posisjonerer seg sjølve i faget, tek stilling og formar ny kunnskap gjennom arbeidet dei gjer. Det er jo det me vil ha, og det som er grunnen til å studera, seier Solberg.

(©NPK)

Publisert: 26.03.2024 09:54

Sist oppdatert: 26.03.2024 09:54

Mer om