Stor etterspurnad etter folk som kan kunstig intelligens
Kan gi store moglegheiter, men teknologien kan også vere «stokk dum».
Det var fullsett sal på it- og teknologikonferansen i Molde onsdag. Høgaktuelle tema som kunstig intelligens og nye forretningsmodellar står på programmet.
Først ut på scena var Morten Goodwin som er professor i kunstig intelligens ved Universitetet i Agder, som trekte opp dei store linjene om kva moglegheiter som finst.
– Eg er overtydd om at dette vil bety veldig mykje, sa Goodwin og meinte morgondagens vinnarar, vil vere dei som lukkast med å ta i bruk teknologien.
Nær 200 var påmeldt til konferansen der deltakarane mellom anna får høyre korleis Glamox, Twoday og Maritech jobbar med teknologien.
Sjekk programmet (ekstern lenke)
«Stokk dum» når den ikkje fungerer
Goodwin fortalde korleis alt frå NAV, kartverket til Rema-kjeda allereie har teke i bruk kunstig intelligens. Slik kan dei spare betydelege summar og jobbe meir effektivt.
– Men når teknologien ikkje fungerer, så er den stokk dum, påpeika Goodwin og viste til eit eksempel på eit program som skulle gjere at kamera følgde fotballen under ein kamp.
Det fungerte fint, heilt til det kom ein skalla linjedommar på sidelinja. Då valde kameraet i staden å følgje hovudet hans, i staden for ballen ute på bana.
– Det er sjølvsagt veldig morosamt, men totalt unyttig, påpeika Goodwin.
Seks av ti bedrifter har udekka behov
NHOs kompetansebarometer for 2023, viser at mange bedrifter har fått auga opp for kunstig intelligens.
Barometeret viser at 62 prosent av NHOs medlemsbedrifter har eit udekt kompetansebehov – og IKT er det området som i størst grad blir etterspurt på tvers av bransjer.
Samla oppgir 36 prosent av medlemsbedriftene å ha eit udekt kompetansebehov på dette feltet. Her skilst det mellom det generelle behovet for IKT-kompetanse hos dei tilsette, og behovet for verksemdene for å rekruttere nye personar med IKT som fagbakgrunn.
Kraftig auke i etterspurnaden
Blant dei som svarer at dei generelt manglar kompetanse innan IKT, ser NHO ein særleg auke i interessa for kunstig intelligens.
I 2023 etterspurde 46 prosent av verksemdene meir kompetanse på dette feltet, mot berre 27 prosent i 2022.
– Kunstig intelligens er i rask utvikling. Med meir tilgjengeleg data, betre algoritmar og kraftigare rekneressursar er det gjort enorme framsteg på kort tid, fortel NHO-sjef Ole Erik Almlid til NTB.
Publisert: 14.02.2024 10:00
Sist oppdatert: 16.02.2024 10:16