Kort fortalt

Mange ferjestrekningar blir gratis

Ferjestrekningar med under 100.000 passasjerar blir gratis.

09.05.2022

Alle ferjereiser på strekningar med under 100.000 passasjerar blir gratis frå 1. juli. Finansministeren meiner det kan gjere små kystsamfunn meir attraktive.

I revidert nasjonalbudsjett, som kjem til veka, set regjeringa av 39 millionar kroner til kutt i ferjekostnader.

Det var NRK som skreiv om saka først.

– Det er ei enorm verdiskaping langs kysten, men mange har utfordringar med busetjing. Ferjebillettane er veldig dyre, og dette er eit konkret bidrag som vil gjere det lettare for næring og fastbuande, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NTB.

I årets budsjett er det allereie sett av 30 millionar kroner for å gjere dei minste sambanda gratis. På heilårsbasis kostar det 165 millionar å innfri løftet til regjeringa, ifølgje Finansdepartementet.

Ifølgje tal frå Ferjedatabanken som NRK har sett på, var det i 2019 over 30 samband med under 100.000 passasjerar i Noreg.

I Hurdalsplattforma lovar regjeringa i tillegg å innføre ei ordning med gratis ferje for øyer og andre samfunn utan vegsamabnd til fastlandet.

Vedum seier regjeringa har som mål å redusere alle ferjeprisar med 50 prosent og at det skal skje gradvis.

Publisert: 09.05.2022 09:12

Sist oppdatert: 09.05.2022 09:13

Mer om