Kort fortalt

Mange får ikkje dagpengar før i september

Må vente opptil fem månader.

Marius Rosbach
20.08.2020
(NPK-NTB): Nav stadfestar at 37.000 personar må vente til september for å få utbetalt dagpengane dei har krav på. Årsaka er at dei permitterte har fått jobben tilbake.
Over 430.000 personar har søkt dagpengar under koronakrisa, og dei fleste søkte i mars og april. Framleis har 67.000 ikkje fått behandla dagpengesøknadene sine og over halvparten av dei må vente til september, skriv Klassekampen.
Årsaka er at Nav har prioritert søknadene frå dei som er ledige utan å ha ein arbeidsgivar og dermed ikkje er permitterte. Deretter er søknadene frå permitterte behandla og til sist søknadene frå permitterte som er tilbake i arbeid, forklarer kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i Nav.
– 37.000 av dei 67.000 personane som står att, har komme tilbake i jobb etter å ha vore permittert i mars, april og mai. Desse 37.000 har fått beskjed om at dei kjem til å bli prioriterte i september, seier han til avisa.
Åsholt peikar på at dei permitterte har ein fordel i at dei er tilknytt ein arbeidsgivar og at dei som er tilbake i jobb har det betre enn dei som går ledige. Hovudårsaka til den seine utbetalinga er likevel det store talet søknader.
Arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) lova i vår at Nav skulle vere ferdig med dagpengesøknadene i slutten av juli. Han seier no at det er altfor lenge for folk å gå fem månader utan inntekt.
– I den største arbeidsløysekrisa som Noreg har hatt i fredstid, har folk vore meir tolmodige enn vi kunne forvente, seier Isaksen.
(©NPK)

Publisert: 20.08.2020 09:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25