(NPK-NTB-Alexander Vestrum): Det blir nye masseoppseiingar i National Oilwell Varco (NOV). Frå før har oljeserviceselskapet sagt opp rundt 2.400 tilsette her i landet.
Dei tilsette blei informert om avgjerda måndag, ifølgje ei pressemelding frå selskapet, som ikkje opplyser kor mange som misser jobben denne gongen.
– Bakgrunnen for nedbemanninga er marknadssituasjonen i bransjen vår, med reduserte investeringar og redusert sal av utstyr, skriv selskapet.
– Leiinga i NOV Norge beklagar belastninga ein slik situasjon påfører dei tilsette og vil leggja vekt på å gjennomføra ein ryddig prosess der vi respekterer pliktene våre overfor partane som er ramma, heiter det vidare.
Det vil no bli gjennomført drøftingsmøte med dei tillitsvalde, før det kjem meir informasjon om omfanget og korleis nedbemanninga skal gjerast.
Kommunikasjonsdirektør Dag Nordbø kan overfor ikkje seia noko om kor mange bedrifta reknar med blir omfatta av tiltaket.
– Men vi karakteriserer dette som ei masseoppseiing, så det er dessverre mange som må gå, fortel han.
NOV Norge har hovudkontor i Kristiansand og er eit dotterselskap av det amerikanske multinasjonale selskapet National Oilwell Varco, som har over 60.000 tilsette i meir enn 60 land. Selskapet leverer mellom anna boreteknologi og offshorekranar.
NOV Norge hadde rundt 4.500 tilsette i 2014 og var med det den største private arbeidsgjevaren på Sørlandet. Sommaren 2015 mista 900 fast tilsette og 600 innleigde medarbeidarar jobben, før ytterlegare 900 fast tilsette måtte gå i desember.
I romjula blei det kjent at fleire arbeidsplassar stod i fare etter at selskapet mista kontraktar for nærmare 10 milliardar kroner. (©NPK) (©NPK)

Publisert: 04.04.2016 21:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47