Møre og Romsdal fylkeskommune har fått sju tilbod på skredsikringstunnelen mellom Eidsdal og Geiranger.
Kontrakten blir tildelt entreprenøren som leverer tilbodet med best forhold mellom pris og kvalitet. Kvaliteten blir vurdert ut frå gjennomføringsplanen, entreprenøren si organisering og nøkkelpersonell, vert det opplyst i ei pressemelding.
Desse har levert tilbod:Veidekke Entreprenør ASSkanska Norge ASNCC Norge ASMetrostav Norge ASLeonhard Nilsen & Sønner ASKruse Smith Entreprenør ASBertelsen og Garpestad AS
- Det er veldig god konkurranse om kontrakten. No startar vi å gå igjennom tilboda slik at vi kan vurdere kven av tilbydarane som har levert det beste tilbodet ut frå kriteria våre, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kontrakten er ei totalentreprise som inneheld prosjektering og bygging av:4,8 km tunnel og 100 meter tunnelportalarKomplett elektroarbeid for prosjektet400 meter veg i dagen med tilkopling på eksisterande vegnettEi 25 meter lang bruEin 135 meter lang ledevoll for skred på IndreeideBegge forskjeringane blei sprengt og gjort klare i 2019 i ein førebuande kontrakt.
Fv. 63 er einaste tilkomstveg for Geiranger om vinteren. Når prosjektet er ferdig blir det tryggare for trafikantane og færre stengingar av vegen på grunn av skred eller fare for skred. Skredsikringsprosjektet sikrar 13 registrerte skredpunkt. Årsdøgntrafikken er i 630 køyretøy i gjennomsnitt, men varierer frå 1500 køyretøy i døgnet i sommarsesongen til 200 køyretøy i døgnet om vinteren.
Møre og Romsdal fylkeskommune tek sikte på å tildele kontrakten i begynnelsen av september måned. Byggestarten er planlagt i haust og tunnelen skal etter planen opne for trafikk hausten 2023.

Publisert: 15.07.2020 17:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26