Kort fortalt

Mange vil ha elsparkesykkel-forbod

Kvar fjerde seier nei.

16.06.2020
NPK-NTB: Kvar fjerde spurde i ei ny undersøking ønskjer eit totalforbod mot elektriske sparkesyklar. Like mange seier dei har køyrt elsparkesyklar i rusa tilstand.
Trygg Trafikk var samde i avgjerda frå regjeringa i fjor om å likestille elsparkesykkel med vanleg sykkel, men ønskjer ei strengare regulering.
– Frisleppet vi såg i fjor, skapte nærast over natta store endringar i trafikken, og verken trafikantar eller styresmakter var førebudde på elsparkesykkelbølgja. Både fotgjengarar, bilistar og syklistar fekk plutseleg ei heilt ny trafikantgruppe å ta omsyn til, seier kommunikasjonsrådgivar Ann-Helen Hansen i Trygg Trafikk.
I spørjeundersøkinga utført av Kantar svarar òg seks av ti at dei ønskjer eit forbod mot at elsparkesyklar kan køyre på fortau. I fjor oppstod hundrevis av ulykker og skadar knytte til slike syklar, som kan kome opp i 20 kilometer i timen.
I spørjeundersøkinga frå Trygg Trafikk og Tryg Forsikring svarar òg halvparten av dei spurde at dei ønskjer forbod mot elsparkesyklar om natta.
Det finst inga promillegrense for bruk av slik sykkel, men undersøkinga viser at mange køyrer slik sykkel i rusa tilstand, og gjerne utan hjelm, spesielt i Oslo.
– Vi meiner styresmaktene bør revurdere om ein skal tillate utleige på tider av døgnet der brukarane ofte er rusa personar, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

Publisert: 16.06.2020 09:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26