Kort fortalt

Mannskap på Sanco-båt testa negativt

Skal ta nye testar neste veke.

Marius Rosbach
29.07.2021

Dei resterande 12 av mannskapet om bord på Sanco Atlantic har testa negativt for koronasmitte.

Det melder Herøy kommune på si heimeside.

I tråd med planen skal mannskapet bli testa på nytt fredag og tysdag neste veke, opplyser kommuneoverlegen.

Sjøfolka blei sett i karantene etter at to av mannskapet testa positivt i førre veke.

Sanco Shipping-reiar Ivar Slettvoll fortalde til NETT NO onsdag at situasjonen ikkje får konsekvensar for oppdraga deira. Skipet skal ut i arbeid i september og ligg no til kai ved Herøyterminalen.

Publisert: 29.07.2021 10:16

Sist oppdatert: 29.07.2021 10:21

Mer om