Volda-restaurant stengt grunna smitte
Oppmodar gjestar og unge som har vore på fest siste veka, om å teste seg.
Spisestaden My Kitchen i Volda held stengt inntil vidare etter at det er oppdaga fleire nye smittetilfelle i Volda og nabokommunen Ørsta.
Det opplyser restauranten på si Facebook-side.
NETT.NO får opplyst på telefon frå restauranten at dei er overraska over situasjonen som har oppstått. Alle dei som var på jobb, inkludert dørvakta skal no bli testa.
Oppmoding til gjestar og unge vaksne
Volda har fått melding om tre nye tilfelle med koronasmitte, og Ørsta har fått melding om fire, ifølgje ei pressemelding frå kommunane.
Alle tilfella utanom ein – med ukjend smitteveg – blir knytt til My Kitchen i Volda sentrum. Kommunen oppmodar difor alle som har vore ved spisestaden sist laurdag om å teste seg.
Den same oppmodinga gjeld for alle unge vaksne i dei to kommunane som har vore på fest den siste veka.
«Uoversiktleg» situasjon
Kapasitet på teststasjonen er utvida og det blir testa så lenge det er behov onsdag.
– Smittesporinga held fram, men situasjonen er nokså uoversiktleg akkurat no. Vi må be alle som trur dei kan være nærkontakt om å bestille seg test og halde seg heime inntil vidare, heiter det i meldinga.
Publisert: 28.07.2021 10:08
Sist oppdatert: 28.07.2021 10:42