Kort fortalt

Mannskapet på MS Roald Amundsen friskmeldt

42 frå mannskapet og 29 passasjerar var smitta.

Marius Rosbach
24.08.2020
(PK-NTB): Dei siste besetningsmedlemmene på hurtigruteskipet MS Roald Amundsen slapp søndag ut av isolasjon. Dermed er heile mannskapet friskmeldt etter koronautbrotet.
Det stadfestar Tromsø kommune og Hurtigruten sjølv overfor .
– Det er vi sjølvsagt svært glade for. Mannskapet fortel at dei har vorte svært godt teke vare på og følgt opp, seier pressevakt Øystein Knoph i Hurtigruten.
Dei siste tala viste at 42 av besetningsmedlemmene hadde hatt koronasmitte. Også 29 passasjerar vart smitta i utbrotet.
(©NPK)

Publisert: 24.08.2020 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25