Mattilsynet med fleire uvarsla tilsyn
Uvarsla tilsyn av Mattilsynet har auka med nesten 10 prosent sidan 2019.
Dei siste tre åra har andelen av uvarsla tilsyn stige jamt. I 2022 var 67 prosent av Mattilsynet tilsyn utan varsel, mot 58 prosent i 20119. Tendensen gjeld for dei fleste dyreartar, kjem det fram av Mattilsynets rapport for 2022, skriv Nationen.
Svin er dyrearten det er størst auke i uvarsla tilsyn mot. Den har fått ein auke på nesten 50 prosent
Sau, geit og storfe har også fått ein auke i andelen av uvarsla tilsyn. Storfe hadde ein del av på rundt 70 prosent i fjor mot vel 50 prosent i 2019. Sau og geit låg på høvesvis omtrent 65 prosent, og vel 50 prosent i fjor. Andelen uvarsla tilsyn var på godt og vel 40 prosent i 2019.
Andelen av uvarsla tilsyn for husdyr har lege stabilt i underkant av 90 prosent sidan 2019.
Publisert: 23.05.2023 09:22
Sist oppdatert: 23.05.2023 09:22