Kort fortalt

MDG vil stanse nye hyttefelt

Vil hindre tap av natur og naturmangfald. 

Marius Rosbach
02.06.2020
(NPK-NTB): For å hindre tap av natur og naturmangfald går MDGs programkomité inn for full stans av hyttebygging utanfor allereie eksisterande hyttefelt.
– Vi meiner at dei hyttefelta som skal komme, må komme i eksisterande område der det er mogleg å fortette og byggje hyttene på ein annan måte, seier nestleiar Arild Hermstad til NRK.
Han meiner ein òg må stille seg spørsmål om det er mogleg å dele meir på hyttene vi allereie har.
– Kan vi ha fleire ordningar der ein leiger seg inn, i staden for at alle skal ha eiga hytte, spør Hermstad.
(©NPK)

Publisert: 02.06.2020 08:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26