Ronny Langset Vard foto Marius
VARD: Verftsdirektør Ronny Langset ved Vard Langsten vil gjerne sikre seg oppdrag for det norske forsvaret. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Meiner dei kan bygge fregattar i Norge

Vard presenterte løysing til politikarar.

Marius Rosbach
06.08.2024

Tysdag hadde Vard invitert politikarar for å presentere ei løysing for å bygge fregattar i Norge, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

Verftsdirektør Ronny Langset ved Vard Langsten meiner nye fregattar til det norske forsvaret bør byggast i Noreg, og at verftskonsernet er i ein unik posisjon som del av Fincantieri.

Det italienske konsernet som eigd Vard, skal bygge minst 20 fregattar for den amerikanske marinen. Langset meiner Vard kan bygge dei same fartøya som amerikanarane.

– Det er viktig for oss å fortelje politikarar og Forsvaret at dette er ei gyllen moglegheit til å få alle krava ein ber om, her i Noreg. Vi veit at ting kan skje raskt når det gjeld store industrielle anskaffingar, så difor er det viktig å vere på offensiven, seier Langset til kanalen.

Vard har bygd ein rekke militære skip, mellom anna dei tre siste kystvaktskipa til det norske sjøforsvaret.

Publisert: 06.08.2024 21:30

Sist oppdatert: 06.08.2024 21:30

Mer om