
Milliardauke for Vard første halvår
Cathrine K. Marti har teke over eit konsern i medvind. No er det også ny fart i cruisemarknaden.
Inntekter og lønnsemd peiker oppover for Vard-verksemda, ifølgje rapporten for andre kvartal frå Fincantieri.
Dei italienske eigarane av Vard-verfta i Norge, rapporterte tal for første halvår tysdag. Dei viser at aktiviteten peika oppover på alle områder for verksemda Cathrine K. Marti blei toppsjef for tidlegare i sommar.
Auka inntekter og lønnsemd
Forretningsområdet offshore og spesialskip, er ei reindyrka Vard-verksemd, som inkluderer konsernet sine verft i Norge, Romania og Vietnam.
Inntektene i første halvår auka med kring 20 prosent samanlikna med året før. Ei omsetning på 582 millionar euro – svarar til nær sju milliardar norske kroner.
Overskotet før av- og nedskrivingar (ebitda) enda i pluss på kring 300 millionar kroner (sjå tabell under). Også dette er ei betydeleg betring frå året før.
Forretningsområde offshore og spesialskip | ||
Per 2. kvartal. i mill. euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 582 | 482 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 26 | 19 |
Ordreinngang | 762 | 817 |
Nye ordrar for ni milliardar
Skipsbygginga i forretningsområdet for offshore og spesialskip, gjeld alt frå vindkraft-, olje-, fiskeri og forsvar - men ikkje cruiseskip.
Fincantieri skriv i rapporten at tala stadfestar at Vard er på rett veg, etter årevis med store tap. Dei reknar med betre lønnsemd og vekst for det komande halvåret.
Konsernet hadde sikra seg seks kontraktar på bygging av nye skip ved utløpet av andre kvartal. Verdien på avtalene summerer seg opp til drygt 760 millionar euro – eller ni milliardar kroner.
I førre veke kom også nyheita om ei kontrakt med Rem Offshore på bygging av eit skip ved Vietnam-verftet.
Ny fart i cruisemarknaden
Per i dag er Vard-verfta i Norge utan cruisekontraktar, etter at det vart bråstopp i marknaden då pandemien råka verdsøkonomien.
Resultata frå forretningsområdet for skipsbygging, som både omfattar større cruiseskip - hos Fincantieri-verft, og mindre cruiseskip - som kan byggast av Vard-verft, er difor mindre interessant sett frå Nordvestlandet.
Samtidig viser den ny fart i marknaden og Fincantieri har ei kjempeauke i ordrar for bygging av ei rekke nye store cruiseskip.
Konsernleiinga påpeiker i rapporten at den sterke trenden i cruisemarknaden, stadfestar at denne delen av industrien er i betring.
Forretningsområde skipsbygging | ||
Per 1. kvartal. i mill. euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 2.761 | 2.972 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebtida) | 172 | 181 |
Ordreinngang | 6.695 | 1.106 |
Nye ordrar for militære skip
Også når det gjeld bygging av militære skip har Fincantieri sikra seg nye ordrar frå Italia og USA. Samtidig opplever dei betydeleg interesse frå Asia og land i Midt-Austen i dette segmentet.
Fincantieri anslår i rapporten at konsernet vil lande på ei samla omsetning kring åtte milliardar euro i 2024, som vil vere ei auke på kring 4,5 prosent frå i fjor. Ebitda-marginen er venta å auke til seks prosent for året samla – ein prosent opp frå 2023.
Fincantieri-konsernet | ||
Pr. 1. kvartal. i mill. euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 3.681 | 3.669 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 214 | 185 |
Publisert: 30.07.2024 19:10
Sist oppdatert: 30.07.2024 19:10