Vard kystvaktskip Hopen dap foto Ogne
TRE AV TRE: Kystvaktskipet Hopen vart døypt i dag. Det er det tredje av tre kystvaktskip Vard Langsten byggjer for Forsvaret. Kontrakten blei inngått i 2018 og var på tilsaman over sju milliardar kroner. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

I mål med tre kystvaktskip

No ventar konkurransen om nye store ordrar til Forsvaret.

Langtidsplanen for Forsvaret har nettopp blitt vedtatt av Stortinget og omfattar mellom anna bygging av 28 nye fartøy. Dei oppdraga vil mellom andre Vard vere med og konkurrere om.

- Det er ein moglegheit for heile den maritime klynga og no må vi sjå på at det blir råd at mest mogleg blir bygd i Noreg, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Vard.

Ein stor del av fartøya skal heilt sikkert byggast i Noreg.

- Standardfartøya er vedtekne å vere norskproduserte. Det vil bli intern norsk konkurranse om å produsere dei. Fregattane vil på den andre sida bli produsert i samråd med Forsvarets allierte, seier sjef for Forsvarsmatriell, Gro Jære til Nett No.

Til saman skal staten bruke 1624 milliardar på forsvar fram til 2036. Då vil forsvarsbudsjettet vere nesten dobbelt så stort som det er i dag, målt i reell kroneverdi, ifølgje regjeringa.

Cathrine Kirstiseter Marti Vard skipsdap Vard Langsten foto Ogne
NY I JOBBEN:; Cathrine Kristiseter Marti har vore konsernsjef i Vard sidan 4. juni. Ei av oppgåvene i den nye jobben er at Vard får nye oppdrag frå Forsvaret. Foto: Ogne Øyehaug

Oppdrag for over sju milliardar
- Det ein ein gledens dag for alle og ein fin start, seier Cathrine Kristiseter Marti, som har vore konsernsjef i Vard frå 4. juni. Dåpen av kystvaktskipet Hopen er det første offisielle arrangementet for den nye Vardsjefen.

Hopen er det tredje av tre kystvaktskip Vard byggjer for Forsvaret. Skip nummer to vart overlevert i 2023 og det første i 2022. Dei tre fartøya er heilt like og underleverandøren har vore dei same til alle tre. 80 prosent av utstyret ombord er frå norske bedrifter, mellom dei ei rekkje bedrifter på Nordvestlandet.

Skipa som blei bestilt juni 2018 har ein prislapp på 7,2 milliardar kroner (i 2022-verdi) – som tilseier kring 2,4 milliardar per fartøy.

Klima- og miljøministeren gudfar
Hopen vart døypt av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. Kystvaktfartøyet er ein del av det politiske ansvarsområdet også for han, meiner Bjelland Eriksen.

- Klima er ei langsiktig tryggleiksutfordring. Frå eit europeisk tryggleiksperspektiv er det viktig å halde tritt med reguleringane som blir pålagt, seier han.

Kllima og miljominster Andreas Bjelland Eriksen sjef for Forsvarsmatriell Gro Jaere og verftsdirektor Ronny Opsjon Langset i Vard Langsten foto ogne
GUDFAR: Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (ved mikrofonen) døypte kystvaktfartøyet Hopen. I midten, sjef for Forsvarsmatriell, Gro Jære. Til høgre verftsdirektør Ronny Opsjøn Langset. Foto: Ogne Øyehaug

Bjelland Eriksen seier at Kystvakta også skal brukast til andre formål enn berre militære. Kystvakta jobbar tett med Polarinstituttet om vern av norsk natur. Det fell under departementet til Klima- og miljøministeren.

Han peikar på at også Forsvaret skal ta omsyn til klima og miljø, men at miljøkrav ikkje skal gå ut over tryggleik.

- Alle næringar skal gå mot nullutslepp. Det gjeld også Forsvaret. Og Forsvaret gjer mykje bra for å nå dei måla som er sett for dei. Dei jobbar med å auke bruken av nullutsleppsdrivstoff. Dei har også auka bruken av flysimulatorar til øvingar slik at dei slepp å sleppe ut meir enn nødvendig. Krava skal ikkje gå på kostnad av tryggleik. Desto viktigare er det at dei andre næringane held tritt med utviklinga mot nullutslepp, seier han.

Publisert: 12.06.2024 13:10

Sist oppdatert: 12.06.2024 16:21