Kort fortalt

Meiner det er meir å hente frå vasskraft

Undersøking frå forskarar ved NTNU.

06.07.2020
(NPK-NTB): Forskarar ved NTNU meiner energipotensialet i vasskrafta her i landet er over tre gonger så høgt som det regjeringa legg til grunn i vindkraftmeldinga.
I meldinga er konklusjonen at det er nødvendig å halde fram med å byggje ut vindkraft på land fordi opprusting og utviding av vasskraftanlegg berre vil gi ein auke på 3,5 prosent av den totale produksjonen.
Til Klassekampen seier professor Leif Lia ved Institutt for bygg og miljøteknikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), at det anslaget er for lågt. Han meiner dagens kapasitet – som er på 137 terawattimar (TWh) – kan utvidast med mellom 11 og 15 prosent.
– Tala som blir presenterte for Stortinget, er feil, seier Lia.
(©NPK)

Publisert: 06.07.2020 11:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26