Meiner det trengst mykje meir solkraft
Må byggast mykje på kort tid for å nå klimamål - men investeringane stupar.
(NPK-NTB): For å nå solkraftmålet må det byggjast solkraft på 220.000 hustak innan 2030, meiner NHO Elektro. Men denne typen utbygging stuper.
Regjeringa og SV har vorte samde om eit mål på 8 terawattimar (TWh) kraftproduksjon frå solceller i 2030. I 2023 var kraftproduksjonen frå sol på cirka 0,5 TWh, skriv Klassekampen.
I revidert nasjonalbudsjett la regjeringa fram ein tiltaksplan for meir solkraft, men ifølgje ein ny rapport frå Thema Consulting vil ein med tiltaka regjeringa har foreslått, berre få mellom 3 og 4 TWh solkraft i 2030.
Rapporten var laga på oppdrag av mellom anna NHO Elektro, Norsk Industri og Fornybar Norge.
NHO Elektro meiner at dersom ein skal ha ein realistisk sjanse til å nå målet, må minst 5,5 TWh vere installert på bygg – noko som krev solkraft på 250.000 private hus og næringsbygg.
I dag er det installert solceller på omtrent 30.000 bygg. Det inneber vidare at det må installerast solceller på nesten 37.000 bygg kvart år fram mot 2030.
Samanlikna med i fjor har tempoet i utbygging av solkraft på hus fall med rundt 75 prosent. Medan det nasjonalt vart installert rundt 10.000 solcelleanlegg på privatbustader i fjor, ligg det an til rundt 1500 i år.
(©NPK)
Publisert: 29.05.2024 09:40
Sist oppdatert: 29.05.2024 09:41