Det skriv Senter for seniorpolitikk.
Norsk seniorpolitisk barometer viser også at seniorar sjeldnare får forfremjingar, dei deltek sjeldnare på kurs og blir nedprioriterte ved innføring av ny teknologi.
– Det er heilt avgjerande for velferdssamfunnet at vi lykkast med å få fleire eldre arbeidstakarar til å halde fram lenger i arbeid. Då er vi nøydde til å få ein slutt på den nedvurderinga vi ser av seniorane, seier Kari Østerud, direktør for Senter for seniorpolitikk.
Ho meiner vi treng eit seniorløft i heile arbeidslivet, med konkret handling for å få seniorane til å jobbe lenger enn dei gjer i dag.
– Vi lever lenger, er friskare enn nokon gong før, og forsking viser at 70-åringar er like spreke som 50-åringane var på 1970-talet.
Publisert: 08.11.2023 13:44
Sist oppdatert: 08.11.2023 14:00