Kort fortalt

Meiner Haram-rapport er misvisande

Økonomileiar er ikkje imponert.

16.02.2022

Feil metodebruk i BDO si konsekvensutgreiing skaper misvisande tal, meiner Levi Lervik, som er finansansvarleg i Ålesund kommune og tildegare økonomisjef i Haram kommune.

Det melder avisa Nordre frå eit folkemøte på Haramsøya om lausrivinga frå storkommunen .

Lervik uttalde seg då som privatperson, men fortalde at han som fagperson ikkje var imponert av rapporten som kom førre veke.

– Feil metodebruk gjer at resultatet av økonomien både i Haram og i Ålesund ser ut til å gå i underskot, medan begge i realiteten vil gå i pluss, seier Lervik – som meiner utgreiinga har innlysande metodefeil.

Publisert: 16.02.2022 13:57

Sist oppdatert: 16.02.2022 13:58

Mer om