Kort fortalt

Meiner krisa kan opne for strengare klimakrav

Stad-ordførar vil ha fart på cruiseomstilling. 

13.08.2020
(NPK): Cruisenæringa er hardt ramma av koronaepidemien. Det gir nye moglegheiter for å setje strengare klimakrav meiner ordførar i cruisekommune.
– Korona gir oss ein enda betre sjanse til å få fart på omstillinga av cruisenæringa i utsleppsfri retning, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Stad kommune, til .
Ordføraren i cruisekommunen meiner vi må ha tøffe, nasjonale krav. Han meiner det kan gjere Noreg til eit grønt og attraktivt reisemål, og at det vil gi bransjen noko å strekke seg etter.
I februar 2019 vart 12 norske cruisekommunar einige om 14 miljøkrav til cruisenæringa. Eitt av desse krava er landstraum frå 2025.
Inge Tangerås i Cruise Norway seier han er redd for at strenge krav vil gjere at cruiseskip frå utanlandske reiarlag vel å reise andre stader.
– Reiarlaga byggjer ikkje skip berre for å segle i norske fjordar eller farvatn, seier han.
(©NPK)

Publisert: 13.08.2020 21:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25