Kort fortalt

Meiner Noreg var dårleg førebudd på ein pandemi

Undersøking om korleis nordmenn ser på beredskapen.

06.07.2020
(NPK-NTB) Meir enn annankvar nordmann meiner Noreg var dårleg førebudd til å handtere ein pandemi som korona. Berre éin av tre meiner Noreg var godt nok førebudd.
55 prosent svarar nei til at Noreg var godt nok førebudd på å handtere ein pandemi som korona, ifølgje frå Opinion.
33 prosent svarar ja, medan 12 prosent veit ikkje.
Ifølgje undersøkinga er menn meir kritiske enn kvinner. 59 prosent av menn og 52 prosent av kvinner meiner Noreg var dårleg førebudd. Oslo-folk er mest kritiske – her meiner to av tre (66 prosent) at Noreg ikkje var godt nok førebudd.
I april sette regjeringa ned ein uavhengig granskingskommisjon for å kartleggje handteringa til styresmaktene av koronakrisa. Kommisjonen skal levere arbeidet sitt innan utgangen av mars 2021.
(©NPK)

Publisert: 06.07.2020 11:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26