Meiner rekordinntening gir dårleg omdømme
Fleire kraftprodusentar vil senke prisen.
(NPK): Dei høge straumprisane gir rekordinntening for småkraftprodusentane i Noreg. Fleire meiner dei høge straumprisane øydelegg omdømmet til bransjen og vil senke prisnivået.
– Dette prisnivået er ikkje godt for omdømmet vårt, seier småkraftprodusent og styreleiar i Småkraftforeninga, Lars Emil Berge, til Nationen.
Berge driv småkraftverk saman med 15 andre i Kvinnherad kommune i Hordaland. I år har kraftverket tent 5,6 millionar kroner mot 2 millionar i 2020.
Heller ikkje leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga jublar over at kraftprodusentane i Sør-Noreg har rekordhøge inntekter.
– Vi ønskjer ikkje den type inntekter. Prisane er for høge. Det er uheldig for omdømmet til vasskrafta og forbrukaren, seier Tveit.
Både Tveit og Berge meiner NVE må få opp farten i behandlinga av nye konsesjonssøknader om vasskraft for å få prisane ned.
(©NPK)
Publisert: 28.10.2021 10:56
Sist oppdatert: 28.10.2021 11:01