Pengane renn inn i Tussa-kassa
Høge kraftprisar er godt nytt for Tussa-eigarane. Konsernet leverer solid overskot.
Tussa-konsernet omsette for 618,3 millionar kroner i 2. tertial, og hadde eit resultat før skatt på 117,2 millionar kroner. Høg kraftpris dreg opp resultatet, og driftsresultatet for kraftproduksjonen kom i tertialet opp i 73,6 millionar kroner. På same tid i fjor var driftsresultatet for kraftproduksjonen berre på 3,5 millionar kroner.
Kraftproduksjonen gjekk likevel ned, frå 533,7 GWh til 422,7 GWh. Dette har sin bakgrunn i at tilsiget har vore 80 prosent av normalen hittil i år, og at magasinfyllinga ved utgangen av tertialet berre var på 51 prosent.
(saka held fram etter tabellen)
Tussa | |||
Resultat 2. tertial | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 618,3 | 539,8 | |
Driftsresultat | 130,7 | 83,3 | |
Resultat før skatt | 117,2 | 59,9 |
Forventar høg kraftpris
Tussa skriv i tertialrapporten at konsernet reknar med at spotprisane vil halde seg høge framover, sjølv om Nordvestlandet er ein del av det svakaste prisområdet i Europa saman med Nord-Noreg og Nord-Sverige.
Tussa viser til at perioden har vore prega av planarbeid for oppgraderingar og rehabiliteringar av kraftverk, dammar og vassvegar, mellom anna Nesset kraftverk og Sørbrandal kraftverk, revurderings-rapportar og tekniske planar for rehabilitering av fleire dammar.
Skår minikraftverk
Ferdigstilling av Osdalen kraftverk med ny luke og nytt lukehus ved Grøndalsvatnet er utført, og Tussa har starta arbeidet med å planleggje utskifting av kontroll- og apparatanlegg i Åmela kraft-stasjon, som ein tek sikte på å setje i drift våren 2023.
Konsesjonssøknaden for Skår minikraftverk i Hjørundfjorden er no til handsaming i Ørsta kommune. Det er venta avgjerd i løpet av hausten, opplyser Tussa.
Auke i internett og TV
I ei pressemelding opplyser Tussa at driftsresultatet for Tussa IKT er 25,1 millionar kroner (26,6) pr. 2. tertial.
Forretningsområdet kommunikasjon hadde ved utgangen av tertialet ein auke i ekstern omsetning på 6,8 millionar kroner. Privatmarknaden, med produktområda internett og TV står for det meste av auken. Forretningsområdet IT hadde også auke i den eksterne omsetninga på 7,9 millionar kroner samanlikna med i fjor. Hovudårsaka til dette er auke innanfor IT-avtalar og konsulenttenester.
For Tussa Installasjon er driftsresultatet 1,6 millionar kroner (4,7) pr. 2. tertial. Ved utgangen av tertialet hadde forretningsområdet ein auke i omsetninga på 22,7 millionar kroner samanlikna med 2. tertial 2020.
I marknadsområda som er knytt til større byggjeprosjekt er konkurransesituasjonen framleis hard, og Tussa ser ei negativ utvikling i varekostnader ettersom råvareprisane stig unormalt mykje.
Innanfor servicemarknaden er det stor aktivitet, både mot næringskundar og privatkundar, og Tussa opplyser at ein har lukkast med å signere fleire større prosjekt for levering i 2021/2022.
Publisert: 26.10.2021 13:03
Sist oppdatert: 26.10.2021 13:07