NPK-NTB: Regjeringa foreslår å forlengje perioden med forhøgd dagpengesats ut året, stadfestar arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
– Vi forlengjer den mellombelse dagpengeordninga ut året. Det gir meir føreseielege vilkår for dei som får dagpengar, seier Isaksen til NTB.
– Det har frå første stund vore klart at forhøgd dagpengesats er eit mellombels tiltak. Stortinget har vedteke at ordninga skal gjelde til 31. oktober, men vi har òg sagt at vi heile tida må vurdere tiltaka basert på kvar korleis situasjonen utviklar seg.
Det vil bli fremja forslag til budsjettvedtak for Stortinget slik at ordninga blir forlengd ut 2020.

Publisert: 27.08.2020 12:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25