Kort fortalt

Meir kriminalitet

Lastebileigarar opplever meir truslar og vald.

29.03.2016
(NPK-NTB): Delen medlemmer i Norges Lastebileier-Forbund (NLF) som har opplevd kriminelle forhold som truslar, vald og utpressing, er meir enn dobla på fire år, ifølge ei ny undersøking.
– Dei kriminelle blir tøffare og skyr stadig færre middel, seier administrerande direktør i NLF Geir A. Mo.
Norstat har på vegner av NLF og forsikringsselskapet If gjennomført undersøkinga som kartlegg kriminalitet i lastebilnæringa. I 2016 oppgir 7 prosent av NLFs medlemmer at dei har opplevd kriminelle forhold som vald, overgrep og utpressing. I 2012 svarte 3 prosent det same.
Av undersøkinga kjem det også fram at 41 prosent seier at dei har opplevd tjuveri eller ran, ein del som er omtrent uendra sidan 2012. Blant dei som oppgir å ha opplevd tjuveri eller ran, seier 68 prosent at dei har blitt fråstolne diesel.
Delen medlemmer som har opplevd andre former for kriminalitet, som tjuveri av dekk, kjettingar og anna utvendig utstyr, og i nokre tilfelle heile køyretøy og hengarar, har auka frå 5 til 13 prosent.
– Det er heilt openbert at det står organiserte nettverk bak. Dette ser vi stadig eksempel på ved at heile vogntog blir stolne og frakta med høg logistisk presisjon ut av landet, seier Mo, som etterlyser større merksemd rundt organisert transportkriminalitet frå styresmaktene. (©NPK)

Publisert: 29.03.2016 12:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47