Kort fortalt

Meir miljødugnad mot havforsøpling

Ordninga vert vidareført.

07.03.2018
NPK: Fiskeriministeren gir tilskot til vidareføring av den nasjonale ryddedugnaden for å fjerne søppel frå havet.
– Marin forsøpling har vist seg å vere ein av dei verkeleg store miljøutfordringane våre. For å kunne hauste mat frå havet også framtida, er vi nøydde til å gjere det vi kan for å rydde opp. Derfor har vi også i år bestemt oss for å bidra med midlar til ein frivillig oppryddingsinnsats i fiskerinæringa, seier fiskeriminister Per Sandberg.
Fishing for Litter vart oppretta i 2016 som eit toårig prøveprosjekt der fiskarar har bidratt med frivillige innsats og levert inn avfall dei får opp frå sjøen. Ved mottaka har fiskarane levert avfallet gratis og på ein enkel måte. Typar og mengder avfall er registrert slik at førebyggjande tiltak kan bli best mogleg målretta.
I denne toårige prøveordninga har det blitt levert totalt 132 tonn marint avfall til mottaka. Fishing for Litter er i dag etablert i åtte norske hamnar; Tromsø, Ålesund, Egersund, Karmøy, Båtsfjord, Hvaler, Austevoll og Måløy.
Prøveordninga vart formelt avslutta ved årsskiftet og skal no evaluerast. Fishing for Litter er ein miljødugnad, og fiskarane får ingen kompensasjon for innsatsen med å ta med marint avfall til land.

Publisert: 07.03.2018 10:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39