NPK: Redningsselskapet har fått ei ekstraløyving på tre millionar kroner frå Justis- og beredskapsdepartementet.
Dei ekstra millionane skal brukast til ytterlegare styrking av tryggleiken til sjøs, i det som ligg an til å bli tidenes båtsommar.
– Det blir ein annleis sommar i år. Dei aller fleste av oss skal feriere heime og vi veit at veldig mange vil feriere i båt og veldig mange har lyst til å feriere i båt. Det vil bety eit ekstra trykk på Redningsselskapet og vi er veldig opptatt av at dei skal gjere ein viktig jobb i denne situasjonen og derfor har vi løyvde tre millionar kroner ekstra, slik at dei kan ha litt meir ressursar til å drive sitt veldig viktige arbeid, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland til TV 2 Nyhetene.

Publisert: 10.06.2020 13:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26