NPK: Fiskeridepartementet kjem truleg ikkje til å godta avgjerda i Bergen tingrett som gir slaktebåten «Norwegian Gannet» førebels løyve til å frakte produksjonsfisk ut av landet. Departementet vil truleg enten anke rettsavgjerda eller be om munnleg forhandling i saka, skriv IntraFish.no.
– Vi tar avgjerda til tingretten til etterretning. Tolkinga til departementet av fiskekvalitetsforskrifta ligg fast, og vi vurderer neste skritt i saka, skriv fiskeriminister Harald T. Nesvik i ein e-post til IntraFish.
Tysdag overprøvde tingretten vedtaket frå departementet om å forby utførsel av laks med synlege lyte og skadar, såkalla «produksjonsfisk» som utgjer anslagsvis 2 prosent av slaktevoluma. Årsaka til forbodet er frykt for at slik fisk kan skade ryktet til den norske næringa.

Publisert: 15.06.2020 17:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36