Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) meiner inntektsveksten for kommunane viser at skatteauke ikkje er svaret.
Veksten i skatteinntektene i år og i 2018 er sterkare enn kva regjeringa anslo i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen i mai, skriv .
– Utviklinga hittil i år har vore endå sterkare enn vi venta i mai, og det er utsikter til at veksten tar seg vidare opp neste år, seier finansminister Siv Jensen (Frp). Ho ønsker ikkje å røpe fleire anslag før budsjettkonferansen onsdag og torsdag.
Sanner kallar det ein form for lottogevinst og meiner det viser at Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støres spådommar er feilslått.
– Støre og Ap er blitt desperate tre veker før valdagen. Hans einaste svar er å sende ei skatterekning på 15 milliardar til folk. Det er politisk latskap, seier Sanner.
Ap-nestleiar Trond Giske svarer at veksten er som den bør vere.
– Sjølvsagt skal det vere vekst i økonomien. Det ville vore skandaløst dersom vi skulle gått inn i ein fireårsperiode heilt utan vekst, seier han.

Publisert: 21.08.2017 14:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41