Kort fortalt

Mikrobryggjeria får eiga ølkjede

Målet er 100 utsal i Noreg.

09.01.2017
(NPK): Ølkjeda Gulating har inngått avtalar med 50 små bryggeri om å selje ølet deira i utsal over heile landet.
Dei to siste åra har kjeda opna 19 utsalsstader frå Svalbard til Lindesnes, skriv Nationen.
– Eg gir meg ikkje før det er blitt 100. Då vender eg blikket utanlands. Sidan byggjer eg kanskje opp ei tilsvarande kjede for lokalmat, seier eigar og gründer Rolf Ivar Skår til avisa.
Filosofien er at det skal vere kort veg mellom produsenten og utsalsstaden. Verksemda har derfor etablert sitt eige grossistledd som skal gjere distribusjonen enklare.
Dei aller største bryggeria får ikkje hylleplass hos Gulating-utsala, medan dei små handverksbryggjeria er hjarteleg velkomne. Per dags dato har ølkjeda tilgang til over 600 forskjellige typar øl.

Publisert: 09.01.2017 10:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43