Kort fortalt

Miljøministeren overlèt plastkrisa til aktørane

Peiker på kommunane og næringslivet.

03.06.2020
(NPK-NTB): Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) overlèt til kommunane og næringslivet å løyse krisa om resirkulering av plast.
Førre veke sa Grønt Punkt Noreg, som driv selskapet Plastretur, opp avtalen med fleire kommunar i Noreg om å ta imot plastsøppel på grunn av manglande lønnsemd.
Miljøstiftelsen Zero har bede Rotevatn om snarast å komme på banen med middel slik at all plasten som blir samla inn blir resirkulert, men statsråden seier, via statssekretæren sin Maren Hesleth Holsen (V) at det er opp til næringslivet og kommunane å ta ansvaret for å samle inn og handtere avfallet saman, skriv Dagsavisen.
– Statlege miljøstyresmakter har inga rolle i dette, konstaterer Holsen.
– Det er sjølvsagt uheldig. Eg har forståing for at kostnadene har auka dei seinare år, men eg håpar partane saman får på plass ei miljømessig god løysing. Vi har gode innsamlingsordningar her i landet, og det er viktig at desse blir halde oppe. Det er mykje vanskelegare å byggje opp gode vanar enn å halde ved like dei, seier Holsen vidare om oppseiinga av avtalen.
Grønt Punkt Noreg har opplyst at dei risikerer å hamne i ei likviditetskrise på grunn av auka kostnader. Dei føresette kostnadene i år så langt er på 58 millionar kroner. Det er gått 20 millionar kroner til å betale kommunane for meir plast enn Plastretur AS rekna med å få inn, mest fordi folk har vore så mykje heime. Dernest er det gått 15 millionar ekstra med til å transportere all den ekstra plasten til Tyskland, og til sist har den svake kronekursen bidrege til 23 millionar kroner i uventa kostnader.
Førre veke sette Verdsnaturfondet WWF fram krav om at regjeringa innfører ei eiga ordning for produsentansvar som omfattar all plast i Noreg og sørgjer for at ikkje noko plast hamnar i naturen meir.
(©NPK)

Publisert: 03.06.2020 08:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26