NPK: Eigedomsselskapet Asset Buyout Partners (ABP) vil investere mellom to og fire milliardar kroner i lakseoppdrett på land på Mongstad.
Selskapet vil nytte spillvarme og oksygen frå den planlagde hydrogenfabrikken, og satse på lakseoppdrett på land, skriv E24.
Selskapet eig Mongstad forsyningsbase, ein av dei største og viktigaste forsyningsbasane til Equinor i Noreg. No greier dei ut anlegg for både smolt- og matfiskproduksjon. Matfiskproduksjonen skal ha ein årleg produksjonskapasitet på opptil 35.000 tonn laks på land.
Dei planlegg å bygge på ei ferdig regulert og planert tomt på 100 mål, som ligg like ved sjøen og er tilknytt anna infrastruktur på Mongstad forsyningsbase. Tomta ligg òg nær området der BKK, Equinor og Air Liquide planlegg ein hydrogenfabrikk.
Prosjekta skal utviklast parallelt for å få på plass røyr og anna infrastruktur som kan overføre oksygen og varmtvatn som blir biprodukta frå hydrogenproduksjonen, skriv E24.

Publisert: 04.09.2020 13:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25