Milliardtap for Hurtigruten
Gjeld og svak krone dreg ned.
NPK-NTB: Sjølv om inntektene stig, så aukar tapa for Hurtigruten Norge. Spesielt taper dei på ekspedisjonscruisa.
Dei første seks månadene i år har gitt eit resultat før skatt på minus 113 millionar euro – eller vel 1,3 milliard kroner, skriv Dagens Næringsliv.
Berre i perioden april til juni i år enda resultatet på minus 64 millionar euro, tilsvarande 737 millionar kroner. Det er vel 20 millionar euro svakare enn same periode i fjor.
Hovudårsaka til den negative botnlinja er auka finanskostnader og den svake krona.
Det mest positive i halvårsrapporten er at bookingane for heile 2023 er vel 30 prosent høgare enn for 2022 på same tid i fjor. Selskapet merkar enno etterverknadene etter koronapandemien.
– Hurtigruten Norge hentar seg inn veldig, veldig bra, sa konsernsjef Daniel Skjeldam under ein investorpresentasjon tysdag.
– På den andre sida: Hurtigruten Expeditions er bak planen, og vi jobbar med å forbetre det. Vi har ikkje levert på den kommersielle sida, seier han.
Publisert: 30.08.2023 08:17
Sist oppdatert: 30.08.2023 11:21