(NPK-NTB): Hurtigruten har leigd ut to av skipa sine til selskapet som driv med innspelinga av den sjuande «Mission Impossible»-filmen med Tom Cruise.
Hurtigruten stadfestar overfor at det har leigd ut to av sine skipe, MS Vesterålen og MS Fridtjof Nansen, frå slutten av august til slutten av september til selskapet Truenorth. Selskapet jobbar for tida med innspelinga av den sjuande «Mission Impossible»-filmen med Hollywood-stjerna Tom Cruise.
Kva skipa skal brukast til vil derimot ikkje Per Henry Borch i Truenorth kommentere nærare.
– Det kan eg ikkje fortelje, er alt han vil seie.
MS Fritdjof Nansen som ligg til kai i Hellesylt, skal fungere som hotellskip under innspelinga. Det stadfestar rådmannen i Stranda kommune.
Under innspelinga vil det vere eit filmcrew på til saman 200 utanlandske og 200 norske tilsette, viser dokument har fått innsyn i. Den amerikanske produksjonen vil òg praktisere strenge smitteverntiltak.
Mission Impossible 7 har fått tildelt nær 50 millionar kroner frå Norsk filminstitutt. Innspelingsteamet har allereie brukt Åndalsnes stasjon til å filme scener til filmen.
(©NPK)

Publisert: 27.08.2020 09:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25