Kort fortalt

Mobildekning frå sol og vind på turistveg

Løysing på plass for Valldal-Trollstigenplatået.

02.10.2020
(NPK): No er det blitt mobildekning på heile strekninga mellom Valldal og Trollstigenplatået. Vindturbinar og solceller sikrar straum til løysinga.
– Dette er ei fantastisk gledeleg nyheit, seier lokalpolitikar Viktor Valdal (H) til I 2013 tok han opp saka om manglande mobildekning på ei 11 kilometer lang strekning frå øvre del av Valldalen og fram til Trollstigenplatået.
Vegen har stor turisttrafikk og det er viktig å kunne ringe etter hjelp, om det skulle skje eit uhell.
Etter fleire år der ulike løysingar vart vurdert, fekk Telia Norge oppdraget. Dei tok til med det praktiske arbeidet i juni.
– Det har vore svært utfordrande, spennande og lærerikt. Våre tilsette har arbeidd i snø, sol, regn og storm. Det er første gong vi i Telia har teke på oss eit slikt oppdrag, fortel prosjektleiar Erik Kværnmo til avisa.
Straumforsyninga har vore ei av utfordringane. Det får dei no frå fire vindturbinar, og frå solceller på ei hytte dei har sett opp. I denne hytta har dei både teknisk utstyr, og eit hydrogenanlegg som skal kople seg inn automatisk dersom både vind og sol sviktar.
Det står også solceller montert oppe på ei 20 meter høg mast som dekker heile den 11 kilometer lange vegstrekninga som hittil har vore utan mobildekning.
(©NPK)

Publisert: 02.10.2020 13:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24