Kort fortalt

Motstand mot stordrift og sentralisering

Regjeringa sentraliserer,  meiner seks av ti.

23.08.2017
NPK-NTB: 59 prosent meiner politikken regjeringa fører, bidrar til auka sentralisering i Noreg, viser ei ny undersøking.
Ei undersøking Sentio har utført på oppdrag frå , viser at 59 prosent er «heilt einig» eller «litt einig» i påstanden om at «dei siste åra er det blitt ført ein politikk som bidrar til auka sentralisering i Noreg».
Berre 8 prosent er heilt ueinig i påstanden.
– Dette viser at folk får med seg kva som skjer. Fellesnemnaren i alt denne regjeringa gjer, er å presse fram stordrift og sentralisering, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, og viser til politireform, regionreform og kommunereform som eksempel.
Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) meiner Vedum driv med skremselspropaganda.
– Vi fører ein politikk for betre velferdstenester der folk bur. Vi byggjer meir veg og legg til rette for fleire trygge jobbar i heile Noreg. Distrikts-Noreg går bra, dei sentrale strøka veks no meir enn før, seier Sanner.

Publisert: 23.08.2017 08:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41