NPK: Kveita på Sklinnabanken utanfor Namdal i Nord-Trøndelag er så full av miljøgifter at Fiskeridirektoratet no har innført forbod mot alt fiske etter kveite der, skriv NRK.
Førre veke innførte Fiskeridirektoratet etter råd frå Mattilsynet utkastpåbod på all kveite over 100 kilo tatt langs norskekysten, død eller levande. Grunnen er dei høge verdiane av PCB og kvikksølv som er påvist i større eksemplar av arten.
Sklinnabanken skil seg likevel ut ved at også mindre kveiter der har farlege mengder miljøgifter, og styremaktene åtvarar no mot å ete all kveite som er fanga på Namdalskysten og søre Helgelandskysten.
– Sklinnabanken er eit spesielt område, og vi spekulerer veldig på kva dette kan vere, seier seniorrådgivar Harald Nordås i Mattilsynet til NRK.
Ein teori er at Sklinnabanken og Haltenbanken litt lenger sør fram til 1970-talet har vore nytta som dumpestad for store mengder giftavfall frå plastindustrien. Det skal Mattilsynet no undersøkje nærare.

Publisert: 18.10.2017 20:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41