NPK-NTB: Frå nyttår blir 350-kronersgrensa på matvarehandel frå utlandet oppheva. Posten fryktar at folk ikkje vil hente pakkar når dei må betale toll og moms.
Dei nye reglane som gjeld frå 1. januar, betyr at du må betale meirverdiavgift og toll når du kjøper mat og drikke frå utlandet. Kosttilskot er òg definerte som næringsmiddel.
Fram til nyttår kan privatpersonar importere næringsmiddel for inntil 350 kroner (inkludert frakt) utan å betale avgifter.
– Posten er den største speditøren, og vi er redd for at mange lèt vere å hente pakkane sine dersom dei ikkje kjenner til at regelverket er endra. Det skjedde i Sverige då eit liknande avgiftsfritak vart fjerna, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Noreg.
Dersom du handlar næringsmiddel frå ein nettbutikk som ikkje ordnar fortolling for deg, vil Posten gjennomføre ei ordinær fortolling. Dette kostar 299 kroner frå 1. januar. Nokre nettbutikkar har tilpassa seg dei nye reglane og gjer fortolling på vegner av kundane. Då vil avgiftene inngå i kjøpesummen, og vara kan importerast til Noreg utan ytterlegare avgift for forbrukaren.
Posten oppmodar kundar til å spørje i nettbutikken dersom ein er i tvil om kva som gjeld.

Publisert: 10.12.2019 10:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31