Kort fortalt

Møre og Romsdal først ute

Alle kommunane skal kartleggje berekraft.

18.05.2020
NPK: Alle kommunar i Møre og Romsdal skal målast opp mot FN sine berekraftsmål. Fylket er det første i landet som forpliktar seg til å jobbe med berekraftsmål på den måten.
Oppstartsmøtet for kommunane blir måndag 18. mai. Målet er å gjere Møre og Romsdal til «berekraftsfylke nummer 1 i Noreg», seier Helge Haugen, prosjektleiaren for fylkeskommunen si berekraftsatsing, i ei pressemelding.
Ålesund var den første byen i Noreg som starta kartlegging av berekraft i forhold til FN sine berekraftsmål. Haugen seier satsinga på programmet ikkje hadde vore mogleg utan nettverket som er skapt med utgangspunkt i Ålesund.
Det er BDO Norge som skal stå for godkjenning og vurdere berekrafta i kvar kommune. Resultat vil bli lagt fram over sommaren, og det blir laga ein rapport for heile fylket.

Publisert: 18.05.2020 06:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27