Frå 1. juli reduserer Mørenett nettleiga, opplyser selskapet i ei pressemelding onsdag.
Reduksjonen er på 2 øre eks. avgifter pr. kWh.
Selskapet viser til at for ein gjennomsnittsfamilie med eit forbruk på 20 000 kWh betyr dette ein årleg kostnadsreduksjon på 500 kroner inkl. avgifter.
Sidan Mørenett vart etablert i 2014 har nettleiga til kundane vorte redusert med om lag 10 prosent netto justert for prisstigning. Samstundes har selskapet oppgradert kraftnettet på Sunnmøre for om lag 1 milliard kroner.
- Meir rasjonell drift gjennom uttak av stordriftsfordelar er årsaka til at vi har sett ned nettleiga. Vi har redusert dei årlege driftskostnadene med om lag 65 mill. kroner. Dette stadfestar at det er rett å etablere større og meir rasjonelle einingar, til det beste for kundar og næringsliv, seier Rune Kiperberg, adm. direktør i Mørenett, i pressemeldinga.

Publisert: 10.06.2020 13:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26