Kort fortalt

Møter statsråden om Ålesund-deling

Kommunestyret gjentok stopp-krav.

05.01.2023

(NPK-NTB): Kommunestyret i Ålesund ber Stortinget om å stoppe kommunedelinga med Haram, skriv VG.

Årsaka er at regjeringa ikkje har sagt kor mykje av rekninga for kommunedelinga dei vil ta etter søknaden frå kommunen, skriv avisa.

Ifølgje Sunnmørsposten skal ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) og varaordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) møte leiinga i Kommunaldepartementet neste veke. Også kommunedirektøren og økonomisjefen skal delta.

– Eg har forventningar om å komme tilbake frå det møtet med klare svar, slo ordføraren fast på slutten av kommunestyremøtet.

Kommunestyret stadfesta dermed vedtaket til Ålesund formannskap frå tysdag denne veka. Eit stort fleirtal i kommunestyret vedtok at dersom ikkje pengane kjem, må det setjast ein stoppar for delingsprosessen.

Berre 15 representantar stemde mot forslaget, inkludert Sps bystyregruppe, Raudt og enkeltrepresentantar frå Ap, KrF og Ålesundlista.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har tidlegare sagt at staten skal ta heile rekninga, men i statsbudsjettet er det berre sett av 200 millionar kroner totalt, medan Ålesund åleine har rekna ut at det vil koste 237 millionar kroner.

I mars i fjor stemde over 70 prosent av innbyggjarane i Haram kommune for å skiljast frå Ålesund kommune. Kommunane vart vedtekne tvangssamanslått i 2017.

(©NPK)

Publisert: 05.01.2023 19:03

Sist oppdatert: 05.01.2023 19:06

Mer om