Kort fortalt

NAF kritisk til kutt i vegvedlikehald

– Skuffande, meiner bilorganisasjonen om forslaget til statsbudsjett.

15.10.2024

(NPK-NTB): Prisstigning og auka vedlikehaldsprisar kan gjere vedlikehald av norske fylkesvegar for dyrt, fryktar NAF.

Neste år vil regjeringa auke pengebruken med 481 millionar kroner frå budsjettet for i år. Det er ein halv milliard kroner mindre enn det årlege nivået dei legg opp til Nasjonal transportplan. Det skriv NAF i ei pressemelding.

– I lang tid har vi høyrt regjeringa snakke om ein forpliktande plan for å få ned vedlikehaldsetterslepet. No viser det seg at dei slett ikkje kjenner seg forplikta av den planen dei sjølv la fram for få månader sidan. Det er skuffande og må ikkje sleppe gjennom budsjettbehandlinga i Stortinget, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF.

NAF opplyser om at vedlikehald på fylkesvegane vil koste rundt 100 milliardar kroner. I tillegg manglar fylka skredsikring til om lag 60 milliardar.

– Vi fryktar at fylka rett og slett ikkje har økonomi til å prioritere vedlikehald og skredsikring høgt nok, seier Handagard.

(©NPK)

Publisert: 15.10.2024 11:53

Sist oppdatert: 15.10.2024 11:53

Mer om