Kort fortalt

NAF-råd om skriftleg garanti

Ber medlemmer sikre seg mot dieseljuks.

30.12.2015
(NPK-NTB): NAF oppfordrar medlemmene til å krevje ein skriftleg garanti frå verkstadane for ei rad forhold knytt til utbetringa av dieseljukset. Volkswagen vil ikkje signere.
Etter mange meldingar frå medlemmer, har NAF har sendt ut eit brev som bileigarane skal ta med seg til verkstaden.
Meininga er at forhandlarane skal skrive under på at dei er innforståtte med at det kan komme økonomiske krav dersom bilen får «andre og/eller dårlegare eigenskapar som følgje av jukseprogrammet eller utbetringa av dette».
Importøren av dei tre berørte merka, Harald A. Møller, seier til VG at dei ikkje kjem til å signere breva.
– Vi har meldt frå til NAF at brevet dei har sendt ut er unødvendig konfliktskapande og misvisande, då det kan gi inntrykk av at kundane misser rettar dei ikkje vil miste. Kundane er allereie godt dekt av norsk lovgjeving, seier informasjonssjef i Volkswagen Anita Svanes.
I september vart det kjent at Volkswagen har juksa med utsleppstala på omtrent 11 millionar bilar, ved å installere eit ulovleg dataprogram som justerer motoren slik at utslepp av farlege gassar går ned. (©NPK)

Publisert: 30.12.2015 09:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49