NPK-NTB: Sidan dei mest omfattande koronatiltaka vart sette i verk i Noreg, har Nav behandla 182.200 søknader om dagpengar og utbetalt 5,1 milliardar kroner.
I tillegg har 175.200 personar fått utbetalt til saman 3,4 milliardar kroner i forskot på dagpengar.
Dei siste fire vekene har Nav behandla 20.000 søknader om dagpengar i veka. Det er ein kraftig auke frå starten av året då tilsvarande tal var på om lag 3.800 søknader i veka.
Under koronakrisa har Nav utbetalt 5,1 milliardar kroner i dagpengar, og 2,7 milliardar kroner er utbetalte til dei som har søkt frå veke 11 og til no. Inkludert utbetalingar av forskot på dagpengar er dermed 8,5 milliardar kroner utbetalte i dagpengar i denne perioden.
Så langt i 2020 har Nav behandla 223.600 søknader om dagpengar, og 182.200 er behandla sidan koronatiltaka vart sette i verk (veke 12). Det er meir enn i heile fjoråret då Nav behandla 157.000 søknader.
Ser ein på alle søknader om dagpengar som har kome inn frå koronakrisa starta og fram til no, står det att å behandle søknader frå i overkant av 230.000 personar.

Publisert: 03.06.2020 16:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26