Kort fortalt

Nedbemanninga i oljesektoren aukar

Undersøking blant tillitsvalde i privat sektor. 

03.06.2020
(NPK-NTB): Trass i fallande koronasmitte og auka oljeprisar melder Tekna-medlemmer om auka nedbemanning i oljesektoren.
I ei undersøking Tekna har gjennomført blant eigne tillitsvalde i privat sektor kjem det fram at fleire bedrifter i oljebransjen har sett i verk eller vurderer nedbemanning no enn i ei tilsvarande undersøking i mars.
Blant alle dei spurde i undersøkinga svarer 45 prosent at verksemda dei jobbar i har sett i verk nedbemanningar eller at den vurderer det. For oljenæringa er derimot det tilsvarande talet 69 prosent, ein auke på 11 prosent på to månader.
– Vi ser at nedbemanningsaktiviteten aukar, og 34 prosent av dei tillitsvalde i oljeindustrien rapporterer no at det blir vurdert eller er sett i verk nedbemanningar. Situasjonen har derfor vorte meir alvorleg i sektoren sidan april trass i stigande oljeprisar. Vi veit frå førre krise at stopp i oljesektoren òg skaper store ringverknader i resten av næringslivet, seier president Lise Lyngsnes Randeberg i Tekna.
Ho håpar no at regjeringa vil sjå på tiltak som kan bidra til å auke aktiviteten – både på kort og lang sikt.
I alt 56 prosent av dei 538 tillitsvalde som vart bedne om det, svarte på undersøkinga som vart gjennomført 25. og 26. mai som oppfølging frå tilsvarande undersøkingar i mars og april. Av dei 303 som svarte, var 64 tillitsvalde frå oljenæringa og representerte 9.925 av Teknas totalt 83.000 medlemmer.
(©NPK)

Publisert: 03.06.2020 08:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26