Kort fortalt

Nedgang i klimagassutsleppa

Hovedårsak er mindre drivstofforbruk.

08.06.2020
NPK-NTB: Førebelse tal viser at utsleppet av klimagassar i Noreg var 51 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2019. Det er ein nedgang på 2 prosent frå året før.
Utsleppet var størst frå olje- og gassutvinning med nesten 14 millionar tonn CO2-ekvivalentar og stod for 27 prosent av totalen. Likevel gjekk utsleppa herifrå ned med nesten 2 prosent i 2019, viser tal frå .
Mindre drivstofforbruk i transport bidrog sterkast til at det samla klimagassutsleppet sokk.
– Nedgangen i utslepp kom i stor grad frå vegtrafikken. Salet av bensin og autodiesel gjekk ned dette året, samtidig som delen biodrivstoff i drivstoffblandinga auka. Det resulterte i at klimagassutsleppet frå vegtrafikk vart redusert med 8 prosent til 8,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar, opplyser seniorrådgivar Trude Melby Bothner i SSB.

Publisert: 08.06.2020 09:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26