NPK-NTB: Hurtigruten bad om 50 millionar kroner meir i månaden for å setje fire skip i normal drift, men får avslag frå regjeringa.
– Regjeringa ser likevel ikkje grunnlag for å auke det allereie betydelege statlege kjøpet for å ta opp att normal drift, skriv Samferdselsdepartementet i eit svar til Hurtigruten, melder .
Hurtigruten bad for to veker sidan om 50 millionar kroner ekstra i månaden på toppen av innkjøpet til staten av tenester frå selskapet. Dette er på 856 millionar kroner.
Samferdselsdepartementet svarer at dei allereie har «vist stor fleksibilitet» ved å halde oppe støtta på 856 millionar, sjølv om Hurtigruten berre har to mot normalt elleve skip i drift.
Departementet er bekymra for om kjøpa av tenester frå Hurtigruten kan bryte med EØS-reglane om statsstøtte, og seier at dei vurderer å renotifisere ESA-domstolen. Årsaka er at Hurtigruten leverer reduserte tenester som følgje av koronakrisa.

Publisert: 28.05.2020 08:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26